Laurdag kl 1430: Avgang frå: X. Billettar (150,-) kjøper du om bord.

Du vert invitert med på Jubileumscruise med SJ Mathilde for 30 år som restaurert museumsfartøy. 

Historie

S/J Mathilde vart bygd av Ole H. Nerhus i Kvinnherad og vart sjøsett i 1884. Det nye fartøyet, eigd av Nerhus-familien, vart sett inn i «nordlandsfarten» der ferdakarar kjøpte opp skrei i Lofoten og i Finnmark. Fisken vart salta, tørka og sidan seld i Bergen og Kristiansund.
I 1889 kjøpte eit partslag i Jondal jakta og

dreiv henne vidare i «nordlandsfarten». I 1918 vart Mathilde seld nordover til Svolvær, og derifrå vidare til Anders Jensen på Lunderøy på Helgeland. Jakta hadde seinare fleire ulike eigarar i Nordland før ho i 1938 vart seld til Erik Rolfsen i Kristiansund, som mellom anna nytta henne som lossement.
Etter ei periode i Ålesund vart Mathilde i1950 seld til Mosterhamn i Hordaland, der ho fekk namnet Kari Louise. I 1968 fór Kari Louise nordover att. Leif Andorsen i Svolvær, som no overtok, bygde nytt styrehus og installerte ei GM-maskin på 240 hestar. I 1977 vart fartøyet seld igjen, denne gongen til Per Angell frå Herøy på Helgeland. Etter at han avslutta i 1982 vart Kari Louise lagt ut for tvangssal og i1984 kjøpt av den nystarta stiftinga Hardangerjakt i Norheimsund ( omdanna til Hardanger Fartøyvernsenter i 1996)
I åra 1984-89 vart Mathilde sett i stand og tilbakeført som seglfartøy, og var på mange måtar utgangspunktet då Hardanger fartøyvernsenter vart etablert.
Då Mathilde var ferdig restaurert i 1989 vart skuta sett inn i heilårsdrift med oppdrag fordelt på sommartokt, leirskuletokt og museumstokt.