Laurdag kl 11-16. X. Inkludert i festivalbillett.

Kom og prøv klissvåte og ramsalte eksperiment! 

I Odda Smelteverk sitt laboratorium frå 1918 vart det gjort analyse av karbid, cyanamid, dicy og CY-50.

I tillegg vart det drive forskning og utvikling. På den nyoppussa gamle labben er det no interaktive utstillingar og ulike aktivitetar. Kraftmuseet eig bygget og opna vitensenteret i 2011. Ute framfor vitensenteret finn du Norges første vitenpark, der små og store kan leika og læra. I 2018 skifta museet namn til Kraftmuseet, og vitensenteret heiter no KraftLaben.

Målgruppa for vitensentra i Norge er grunnskulen og vidaregåande skule. Interessa for realfag skal vekkast for å sikra rekruttering til prosessindustrien.

I sommarferien er KraftLaben ope for publikum. Du kan til dømes finna ut kva som er mest radioaktivt av bly og karbid, ha det kjekt med å bygga banar på kuleveggen vår. Har du lyst til å produsera straum, er vasshjulet tingen!

Lurer du på kor sterk du eigentleg er, kan du testa om du klarer å heisa deg sjølv opp i "kraftblokkstolen".

KraftLaben har diverse opplegg til undervisning i skulane. Klassar kan tinga besøk på This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. eller hos Museumslosen

-