Fredag kl 2100. Naboen Pub. Inngang kr 100,-.

Repertoar som trubadur består hovedsakleg av country, norsk, og god, gammal 80-tals musikk. Her kan nevnes bl.a.  Willie Nelson, Alan Jackson, Garth Brooks, Creedence,  Tanya Tucker, Dolly Parton, Vassendgutane, Hellbillies, Bjørn Eidsvåg, Matti Røssland, Leif og kompisene m.m. Eg stortrives som trubadur, og når eg får spele gamle "country-svisker" er eg i mitt ess. Kontakten med publikum er det beste med å være musiker, så eg kosar meg alltid på jobb.

Repertoar begravelser har blitt til etter ønsker fra dei pårørande, og består for det meste av salmer, viser på norsk, svensk og engelsk. Eg øver med glede inn songar etter ønske fra pårørande.

Eg gjer også oppdrag der eg i hovudsak presenterer eigne låtar.

Musikken har alltid vore ein stor del av meg, og etter mange års hardt arbeid gav eg ut mitt første soloalbum 1. juni 2013. Tekstane er nære og direkte, der hovedbudskapet er indre følelsar. Mitt ønske er at eg har skapt eit album som kan gje deg glede og trøyst, og at du sit igjen med ein god følelse når du har lytta til mine songar.

Desember 2014 deltok eg på juleplata "Juletonar" saman med andre lokale artister i regi av ABC Studio AS og Grannar, samt sponsorar frå det lokale næringslivet i Etne og Vindafjord. 

Juni 2017 kom eg med EP´en "Good To Be Alive" som er engelske låtar i country sjangeren.

Februar 2018 gav eg ut singelen "Resept"

Eg arbeider heile tida med nye låtar, og skriv både på norsk og engelsk.
Treng du song til konfirmasjon, bryllup, bursdag m.m. så skriv eg på bestilling.

For informasjon og booking, ta kontakt: Mob. 47 02 96 94
Mail: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.