Contact

Komitéen

Miscellaneous Information

Miscellaneous Information:

Tlf 9503 4496. e-post: info(at)trebaat.no
Frå høgre: Geir Madsen-festivalsjef, Arne Jostein Jensen-hamnesjef, Britt Jorunn Stranden-velferdssjef, Svein Kåre Olsen-teknisk sjef, Inger Seljestad-pensjonist, Geirmund Storaas-sekretær. Tina Kjærland-bookingsjef og Lars Ragnvald Djupevåg-speaker og juryformann, var ikkje til stades då biletet vart teke.

Med Hardanger fartøyvernsenter, god hamn og vakre omgjevnadar er Norheimsund ein naturleg arena for vestlandet sin trebåtfest. Her skaper me ein fagleg og sosial møteplass for trebåtfolk og landkrabbar. For dei som enno ikkje er trebåtfrelst byr festivalen på underhaldning, gode opplevingar og ny kunnskap. Me frir ekstra til dei små med kjekke barneaktivitetar, sjørøvartokt og leikebåtverkstad.
Kaiområdet i sentrum er gjort om til ein triveleg festivalarena med trebåtar ved kai og marknad på land. Her finn du handverksprodukt, maritime artiklar, antikvitetar, aktivitetar og god mat. I tillegg blir det stilt ut skinande veteranbilar og gamle oljeglinsande motorar. Alt dette fint krydra med underhaldning og musikk frå festivalscena.
Hardanger Fartøyvernsenter er ein viktig del av festivalen som inngår i fellesbilletten. Senteret er eit annleis museum, eit museumsverft som fokuserer på tradisjonelle maritime handverk. og fartøyvern. Her vil du finna gamle båtar og fartøy, du vil oppleva levande handverk som skipstømring, båtbygging, smiing og reipslaging. Senteret har utstillingar og filmar med kulturhistoriske tema og i den trivelege kafeen kan du nyte heimebakst og god drikke.

Med alt dette kan me ønskje alle velkomen og love maritime impulsar og gode opplevingar ei heil helg.