Heidi Marie Vestrheim med band Featured

Heidi Marie Vestrheim – vår lokale stjerne

Kva er vakrare enn å sitja ved fjorden og sjå mot fonna med eit glas kald forfrisking eller ein kaffikopp i handa?
Det må i såfall vera at i det nyopna Sjøhuset i enden av reiparbanen, syng bølgeskvulpet fleirstemt med Heidi Marie og musikarane hennar.

Heidi Marie Vestrheim er godt kjent for alle kvemmingar. Ho er musikar, låtskrivar og produsent.  I NRK har ho også vore programleiar for barne-TV og Superbonden.
Men i kveld er ho på båtfestivalen som musikar.  Saman med bandet sitt vil ho framføre eigen musikk på Sjøhuset.  
Publikum vil få ein forsmak på konserten frå scena i båthamna kl. 15.00.

Billettar finn du her: Lenke til ticketco Heidi Marie Vestrheim kl 20

Venue:
Hardanger fartøyvernsenter, Sjøhuset

Log in

fb iconLog in with Facebook
create an account