Print FAUN
Maker other
Modell Hardanger Fartøyvernsenter, Norheimsund
Beskrivelse Faun vart bygd i 1916 ved Damsgaards Baatbyggeri og Motorforretning i Bergen. Verftet var etablert av ingeniøren August Moldestad, som hadde studert skipsbyggjing i England. Båten vart bygd som lystfartøy for sonen til Christian Michelsen, Noregs fyrste statsminister. Faun er 53 fot lang og kosta som ny kr. 33.000,-. Skrogforma er inspirert av britiske krigsskip frå byrjinga av 1900-talet. Motoryachten Faun hadde heimehavn på Gamlehaugen fram til 1925. Etter dette var båten eigd av kjende reiarar i Bergen. I 1955 overtok BKK båten, og dei brukte ho i samband med den store kraftutbyggjinga i Matrefjella. I 1993 vart båten overdregen til Hardanger Fartøyvernsenter. Våren 2005, nøyaktig 100 år etter at Christian Michelsen på fredeleg vis leia nasjonen vår ut av unionen med Sverige, var Faun ferdig restaurert. Istandsetjinga tok fem år og kosta om lag 5 millionar kroner.
Byggjeår 1916
Båttype 53' Lystyacht
Owner Geirmund Storaas, geirmund@storaas.as