BRØDRENE AF SAND

Ryfylkemuseet, Sand i Ryfylke
Byggjeår : 1866
Båttype : Jekt
"Brødrene af Sand" er ei Ryfylke-jekt som er bygd på Dokkskar i Yrkesfjorden i 1866, og som seinare gjekk på fart frå Østhusvik og Sand i Ryfylke. Ryfylkemuseet overtok jekta i 1997, fekk ho restaurert ved Hardanger Fartøyernsenter, og har frå 1999 brukt ho på ulike tokt i Boknafjord-bassenget. Dette er ei av dei aller siste Ryfylke-jektene som framleis flyt. Jekta er om lag 15 meter lang og litt over 5 meter brei. Masta er 19 meter høg og ho fører tre forsegl, storsegl, breifokk og toppsegl. Rommet er innreidd med køyer og bysse. Det er venneforeininga for "Brødrene af Sand" som har teke hovudansvaret for vedlikehald og drift av jekta. Venneforeininga stiller med frivillig skipper og mannskap på turar. Det er plass til 20 personar om bord utanom mannskapet. "Brødrene af Sand" kan leigast for turar.
_
BåtfaktaID : 43
Breiddegrad : 58.9640457
Lengdegrad: 5.75355060000004
No reviews for vehicle
_
Eigar : Ryfylkemuseet

Please past text to modal