BAKKEJEKTA

Partslaget Bakkejekta, Dale i Sunnfjord
Byggjeår : 2006
Båttype : 30' Jekt
Har du høyrt om Bakkejekta eller Holmedalsjekta? Ho er ei lita jekt frå Holmedal, 30 fot lang og bygt truleg rundt 1750 av Sjur Vindheim. Du har kanskje sett henne på Kystmuseet i Florø, der ho no, etter eit langt og omskiftande liv nyt livskvelden. Bakkejekta lasta om lag 40 tønner og var ein av den tida sine kystfraktebåtar. Dei frakta ved, tønner med sild og andre varer til Bergen, og ”kjøpevarer” med heimatt. Fleire gardar eller eit bygdelag eigde gjerne ei jekt saman. Har du ein båt du ynskjar å sette i stand? Då kan vi anbefale eit lån beregna på dette.Bakkejekta var rekna som ei svært rask jekt, og Jens Sørenson Bakke (fødd i 1866) fortalde til båtgranskaren Bernard Færøyvik om ein tur dei hadde til Bergen då han var gut. Dei reiste frå Holmedal kl. 9 om morgonen og var i Bergen kl. 4 om ettermiddagen. Lasta var 11 dyr som dei leverte undervegs. Dette vil seie ein gjennomsnittsfart på 9,7 knop! Men då måtte dei ha hatt ein god nordavind i ryggen. Svikta vinden, og jekta måtte roast, var nok kvar mil eit slit.Bakkejekta er ein av Norges aller eldste bevarte båtar, og vi er her i kontakt med byggjeteknikkar frå mellomalderen. Heile botnen i jekta er hogd daud – dvs. at borda er hogde i den forma dei har – ikkje bøygde på plass. Det tyder at den som vil byggje på same måten må leggje som forutsetning at saga ikkje finst! For å kunne byggje ei skikkeleg, ny Bakkejekt etter tilnærma same teknikkar som for 250 år sidan, organiserte vi byggjinga som faglege samlingar for båtbyggjarar frå heile landet – båtbyggjarar som har røynsle frå og interesse for hogging av båtar. Norsk Handverksutvikling støtta prosjektet.I 2006 vart den nye Bakkejekta sjøsett og døypt etter alle kunstens reglar, og etter det har ho segla og formidla kystkultur i fjordane og på kysten vår. Vi har også vore så langt som til Island, Norheimsund og Fosnavåg - og kanskje reiser vi lengre og...Blir du med oss?Eig du ei nausttomt som du vil nytje til noko gjevt, så vil kanskje eit lysthus kunne vere noko? Her finn du mange alternativerå velge mellom.
_
BåtfaktaID : 27
Stad HONOLULU
Breiddegrad : 19.8834040672386
Lengdegrad: -155.52568589999998
No reviews for vehicle
_
Owner Geirmund Storaas, geirmund@storaas.as

Please past text to modal