FAUN

Hardanger Fartøyvernsenter, Norheimsund
Byggjeår : 1916
Båttype : 53' Lystyacht
Faun vart bygd i 1916 ved Damsgaards Baatbyggeri og Motorforretning i Bergen. Verftet var etablert av ingeniøren August Moldestad, som hadde studert skipsbyggjing i England. Båten vart bygd som lystfartøy for sonen til Christian Michelsen, Noregs fyrste statsminister. Faun er 53 fot lang og kosta som ny kr. 33.000,-. Skrogforma er inspirert av britiske krigsskip frå byrjinga av 1900-talet. Motoryachten Faun hadde heimehavn på Gamlehaugen fram til 1925. Etter dette var båten eigd av kjende reiarar i Bergen. I 1955 overtok BKK båten, og dei brukte ho i samband med den store kraftutbyggjinga i Matrefjella. I 1993 vart båten overdregen til Hardanger Fartøyvernsenter. Våren 2005, nøyaktig 100 år etter at Christian Michelsen på fredeleg vis leia nasjonen vår ut av unionen med Sverige, var Faun ferdig restaurert. Istandsetjinga tok fem år og kosta om lag 5 millionar kroner.
_
BåtfaktaID : 19
Land NOREG
Fylke HORDALAND
Stad NORHEIMSUND
Breiddegrad : 60.366231738329994
Lengdegrad: 6.14921156616208
No reviews for vehicle
_
Owner Geirmund Storaas, geirmund@storaas.as

Please past text to modal